Hopp til innhold
X
Innhald

Middelsol

Middelsol er ei tenkt sol som med jamn fart går ein gong rundt himmelens ekvator på same tid som den verkelege sola med varierande fart går ein gong rundt ekliptikken. Eit ur som er regulert etter middelsol, viser middelsoltid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012