Hopp til innhold
Kristofer Marius Hægstad. Foto: Ivar Aasen-tunet.
Kristofer Marius Hægstad. Foto: Ivar Aasen-tunet.
X
Innhald

Normaltid

Normaltid er eit land si offisielle tid. I Noreg følgjer vi mellomeuropeisk tid.

Noreg fekk felles tidsrekning i 1894, då Stortinget 4. juni vedtok Log om sams normaltid fyr kongeriket Norig, etter framlegg frå Marius Hægstad. Dette var den første lova på landsmål. Før dette hadde ulike stader hatt ulik tidsrekning. Jernbanevesenet var blant dei største pådrivarane for felles tid. Fram til 1894 hadde det vore ulik tidsrekning på Vestbanen i Oslo (som følgde Drammen-tid) og Østbanen (som følgde Oslo-tid).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 04.06.2020