Hopp til innhold
X
Innhald

Sonetid

Sonetid. Sola passerer meridianen 4 minutt seinare for kvar grad ein flyttar seg vestover på jorda. Kvar einskild stad har derfor si lokaltid. Av praktiske grunnar er jorda delt inn i 24 tidssonar som kvar omfattar 15°. I kvar sone vert middelsoltid for meridianen midt i sonen (sonetida) nytta som normaltid.
Utgangsmeridianen er Greenwich-meridianen, og middelsoltida for han gir vesteuropeisk tid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012