Solur
Solur
Av /Shutterstock.

Tidsmåling er måling av tid i sekund, minutt, timar, dagar, veker, månadar og år med klokker eller kalendrar. Ved måling av tid vert det nytta eit eller anna periodisk fenomen eller prosess som gjentek seg med stabil frekvens. Frå dei eldste tider har sola si stilling gjennom døgnet og året vore nytta, og tida har vore avlesen ved hjelp av solur.

Andre gamle ur er vassuret og sanduret. I dei mekaniske ura vert tida målt ved hjelp av regelmessige mekaniske svingingar — spindelgang, ankergang, balansefjær («uro») og pendel. Det elektriske uret vert regulert av ein elektrisk svingkrets.

Dei mest nøyaktige ura er kvartsur, som vert regulerte av ein svingande kvartskrystall med høg frekvens som styrer ein elektrisk svingekrets, og atomur, der svingingane i ein kvartskrystall vert kontrollerte av dei naturlege svingingane i atom, spesielt er cesium nytta.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg