Hopp til innhold
X
Innhald

Tidsmåling

Tidsmåling. Ved måling av tid vert det nytta ein eller annan periodisk handlingsgang der ei hending vert gjenteken med stabil frekvens. Frå dei eldste tider har sola si stilling gjennom døgnet og året vore nytta, og tida har vore avlesen ved hjelp av solur.
Andre gamle ur er vassuret og sanduret. I dei mekaniske ura vert tida målt ved hjelp av regelmessige mekaniske svingingar — spindelgang, ankergang, balansefjær ("uro") og pendel. Det elektriske uret vert regulert av ein elektrisk svingkrets.
Dei mest nøyaktige ura er kvartsur, som vert regulerte av ein svingande kvartskrystall med høg frekvens som styrer ein elektrisk svingekrets, og atomur, der svingingane i ein kvartskrystall vert kontrollerte av dei naturlege svingingane i atom, spesielt er cesium nytta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012