Hopp til innhold
X
Innhald

Vendekrinsane

Vendekrinsane er to parallellsirklar på himmelkula 23° 25' nord og sør for himmelekvator, dei tangerer ekliptikken i det nordlegaste og sørlegaste punktet hans. Namnet kjem av at sola "vender" når ho når desse punkta. Den nordlege vendekrinsen vert kalla Krepsens vendesirkel, den sørlege Steinbukkens vendesirkel. Dei to tilsvarande sirklane på jordkula ber same namn; mellom dei ligg den tropiske sona.


 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012