Hopp til innhold
Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no/  Miljøpartiet De Grønne, Flickr.com CC BY-SA 2.0
Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no/ Miljøpartiet De Grønne, Flickr.com CC BY-SA 2.0
X
Innhald

Rasmus Hansson

Rasmus Johan Michael Hansson, biolog, forskar, miljøaktivist, talsperson for og den første stortingsrepresentanten for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), for perioden 2013–17.

Rasmus Hansson er fødd 4. september 1954 i Oslo. Han examen artium ved Persbråten gymnas i Oslo i 1973, blei cand.mag. ved Universitetet i Oslo, med faga biologi og kjemi, i 1977 og cand.real. ved Universitetet i Tromsø i 1981, med ei oppgåve om isbjørn. Hansson har gradual certificate i «business administration» og graduate diploma i «international politics» frå La Trobe University i Melbourne, Australia i 1999.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Foto: Lisa Bjorheim/ Miljøpartiet De Grønne, Flickr.com CC BY-SA 2.0
Foto: Lisa Bjorheim/ Miljøpartiet De Grønne, Flickr.com CC BY-SA 2.0
Han arbeidde som konsulent i Miljøverndepartementet i 1982–84, hadde ulike stillingar ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø i 1984–97, ved Universitetet i Oslo i 1994–97 og var avdelingsdirektør for miljøvernprogrammet til Norad i 1997–99. Hansson var generalsekretær for WWF Noreg i 2000–12 og dagleg leiar ved CIENS (Forskingssenter for miljø og samfunn) i 2012–13, før han blei vald som stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne frå Oslo i 2013.
Hansson sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget i inneverande periode, som første og einaste representant for Miljøpartiet Dei Grøne, og han blei vald til talsperson for MDG i 2014, saman med Hilde Opoku.
Han har skrive ei rekkje artiklar om miljøvern, og dei politiske fanesakene til Hansson er å auke satsinga på vindkraft, skape ei berekraftig utvikling der mellom anna artane i Arktis vil overleve, og han meiner at klimakvoter ikkje gir nokon klimaeffekt. Han har vore med på å gi MDG og ein radikal miljøpolitikk sakleg tyngde i den politiske debatten. Som talsperson for MDG vil han dessutan arbeide for å bremse forbruket og den økonomiske veksten.
Kjelder
Rasmus Hansson, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=RAJH [lesedato 30.5.14]
Omtale på nettstaden til Miljøpartiet Dei Grøne, mdg.no: http://www.mdg.no/kandidat/rasmus-hansson/ [lesedato 30.5.14]
Peikarar

Først publisert: 20.10.2014
Sist oppdatert: 20.10.2014