Hopp til innhold
X
Innhald

Abiotiske faktorar

Abiotiske faktorar er dei delane av eit økosystem som ikkje er levande organismar. Desse faktorane blir difor òg kalla ikkje-levande faktorar.

Artsmangfaldet og populasjonsstorleikane i eit økosystem blir i stor grad påverka og avgrensa av dei abiotiske faktorane som finst der. Ulike artar har ulike krav til kva dei treng for å trivast. Abiotiske faktorar kan vere anten klimatiske, geologiske, kjemiske eller fysiske.

Døme på klimatiske faktorar i eit økosystem er nedbørsmengd og temperatur. Vegetasjonen i ein regnskog er avhengig av mykje regn, medan organismar i ein ørken er tilpassa minimalt med nedbør. Polare dyr toler ekstrem kulde, medan tropiske insekt treng høgare temperaturar. Årstider og sesongar er òg avgjerande for kva slags artar som kan overleve i eit økosystem. Vind er ein annan klimatisk faktor.

I tillegg til tilgangen på vatn, verkar kvaliteten på vatnet inn på økosystemet. Oksygeninnhaldet og surleiksgraden (pH) har mykje å seie for kva for organismar som kan trivast. Mange fiskar vil til dømes døy i ei oksygenfattig tjørn, medan anaerobe bakteriar greier seg utan oksygen.

I økosystem på land er jordsmonnet ein viktig abiotisk faktor. Korleis jorda er samansett, surleiksgraden og tilgjengelege mineral og næringsstoff er avgjerande for dei biotiske delane av økosystemet. Landskapet er òg med på å påverke økosystemet. Ei steinur, ei slette og eit kupert terreng dannar gunstige levevilkår for ulike artar, og dessutan kan det påverke abiotiske faktorar som vindforhold og tilgang på vatn og sollys.

Tilgangen på sollys er særleg viktig for fotosyntetiserande organismar som plantar og blågrønalgar.

Dersom éin av dei nødvendige abiotiske faktorane manglar eller ikkje er til stades i tilstrekkeleg omfang, har det avgjerande innverknad på økosystemet sjølv om resten av faktorane er til stades.

Kjelder

Dag Bjerketvedt og Arne Pedersen: Grunnleggende biologi og miljølære. Bergen 2007

Marianne Sletbakk, Inger Gjærevoll, Per Audun Heskestad, Dag O. Hessen, Arnodd Håpnes og Øystein Røsok. Bios 1. Biologi 1, 3. utg. Oslo 2017

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 12.02.2019