Hopp til innhold
X
Innhald

Forbrukarar

I biologien er forbrukarar, eller konsumentar, organismar som ikkje sjølve kan lage all næringa dei treng. Dei et andre organismar for å overleve. Alle dyr er forbrukarar.

Forbrukarar kan ikkje drive fotosyntese eller kjemosyntese, slik produsentar (til dømes plantar) gjer. Dermed kan dei ikkje binde energi og lage sukker til celleanding. Forbrukarar må difor ete andre organismar for å få næring og energi. 

Vi deler forbrukarane eller konsumentane inn i ulike kategoriar, alt etter kva slags organismar dei får næring frå. Dei dyra som er planteetarar, blir kalla primærkonsumentar. Døme på primærkonsumentar er rådyr som et gras, og sommarfugllarvar som et blad og lauv. Sekundærkonsumentar er rovdyr som et planteetarar, medan tertiærkonsumentar er rovdyr som et rovdyr. Ein svartkvit flugesnappar som et ein sommarfugllarve, er ein sekundærkonsument, medan ein spurvehauk som et flugesnapparen, er ein tertiærkonsument.

Somme rovdyr er både sekundær- og tertiærkonsumentar. Raudreven, til dømes, kan jakte på og ete både mus (primærkonsument) og kattar (sekundærkonsument). Altetande dyr (dei som et både plantar og dyr) er både primær-, sekundær- og tertiærkonsumentar. Brunbjørnen og mennesket er døme på dyr som kan ete både plantar, planteetarar og rovdyr.

Kjelder

Dag Bjerketvedt og Arne Pedersen: Grunnleggende biologi og miljølære. Oslo 2007

Først publisert: 08.11.2019
Sist oppdatert: 08.11.2019