Hopp til innhold
X
Innhald

Framandartslista

Framandartslista, tidlegare kalla Svartelista, er ei oversikt over artar som ikkje høyrer heime i norske økosystem. Framandartslista gir informasjon om kvar dei nye artane kom frå, korleis dei er blitt innførte, og om dei trugar det norske artsmangfaldet.

I regi av Artsdatabanken, som inneheld oversyn over alle artar som finst i Noreg, blei det i 2018 oppretta ei framandartsliste. Denne lista erstattar den tidlegare Svartelista. Framandartslista er ei oversikt over framande artar som er levedyktige og formeirar seg i Noreg, men som ikkje var etablerte i landet før 1800. Om ein prøver å gå lenger attende enn 1800, er det vanskeleg å finne nok og sikker informasjon.

I Framandartslista er det vurdert om dei nye artane utgjer ein risiko for artsmangfaldet i landet. Dei framande artane blir plasserte i desse kategoriane: SE (særleg høg risiko), HI (høg risiko), PH (potensielt høg risiko), LO (låg risiko) og NK (ingen kjend risiko). Artar som ikkje er vurderte, blir merkte med NR (ikkje vurderte).

Når ein framand art kjem inn i eit nytt område, kan det påverke balansen i økosystemet. Den nye arten kan konkurrere med eller fortrengje artar som allereie finst der. Nye plantar kan til dømes føre til endring i tilgangen på mat, medan nye rovdyr kan gjere at bestanden av byttedyr minkar.

Ein framand art kan bli innført på ulike måtar. Somme artar er blitt innførte av menneske, til dømes hageblomar og pelsdyr, men har deretter forvilla seg. Døme på slike artar er blomen hagelupin og rovdyret mink. Begge desse artane er vurderte som høg risiko for norske økosystem. Framande artar er òg blitt sette ut med vilje, slik som fasanen, ein fugl som det er populært å bruke som jaktvilt. Brunskogsnigel og brunkløver er artar som har kome til landet som blindpassasjerar gjennom diverse transport. Artar som finst i område i geografisk nærleik til Noreg, kan dessutan innvandre på eiga hand, slik som dåhjort og stripegås.


Kjelder

Dag Bjerketvedt og Arne Pedersen: Grunnleggende biologi og miljølære. Oslo 2007

Artsdatabanken: «Fremmedartslista 2018», artsdatabanken.no, publisert 2018: https://www.artsdatabanken.no/fremmedartslista2018

Først publisert: 05.09.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019