Hopp til innhold
X
Innhald

Produsentar

I biologien er produsent ein fellesnemnar for alle organismar som lagar all nødvendig næring sjølve. Dei treng ikkje å ete andre organismar for å overleve. Den vanlegaste typen produsentar er plantar, algar og bakteriar som driv fotosyntese.

Alle økosystem er avhengige av produsentar. Det som er spesielt med produsentane, er at dei ikkje treng andre organismar for å skaffe seg næring og energi. Produsentane lagar næring sjølve ved hjelp av energien i lys eller kjemiske sambindingar. Dette står i motsetnad til dyr og soppar, som må ete eller inngå ein symbiose med plantar, algar og somme bakteriar.

Dei fleste produsentane vi kjenner til, driv fotosyntese. Det vil seie at produsentane kan danne karbondioksidgass (CO2) om til energirike karbonsambindingar (sukker) ved hjelp av energien frå lyskjelder, som regel sollys. Plantar og algar har kloroplastar som fangar opp og brukar energien i sollyset. Ein kloroplast er ein spesiell cellelekam. Det finst òg bakteriar som er fotosyntetiserande. Dei blir kalla blågrønbakteriar og har klorofyll på same måten som grøne plantar.

Vasslilje i eit tjern. Foto: Couleur, pixabay.com, fri bruk.

Vasslilje i eit tjern. Plantar lagar næring sjølve ved hjelp av energien i lys eller kjemiske sambindingar. Foto: Couleur, pixabay.com, fri bruk.

Nokre produsentar driv ikkje fotosyntese. Særleg i økosystem der det er lite eller ikkje noko lys, finst det produsentar som hentar energi frå kjemiske sambindingar. Det blir kalla kjemosyntese. Denne typen produsentar bruker energien frå redoksreaksjonar i staden for solenergi når dei skal lage sukker. Ein redoksreaksjon er ein kjemisk reaksjon der elektron går frå eitt atom eller molekyl til eit anna.

Døme på organismar som driv kjemosyntese, er denitrifiserande bakteriar i jordsmonnet. Slike bakteriar gjer nitrat (NO3–) om til nitrogen (N2) eller lystgass (N2O). Det blir i tillegg danna oksygen som bakteriane kan bruke. Eit anna døme er sulfatreduserande bakteriar, som finst på botnen av innsjøar og hav. Desse bakteriane gjer sulfat (SO42–) om til sulfid (som kan inngå i fleire kjemiske sambindingar).

Kjelder 

Dag Bjerketvedt og Arne Pedersen: Grunnleggende biologi og miljølære. Oslo 2007

Marianne Sletbakk, Inger Gjærevoll, Per Audun Heskestad, Dag O. Hessen, Arnodd Håpnes og Øystein Røsok: Bios 1. Studiespesialiserende utdanningsprogram Vg2, 3. utg. Oslo 2012

Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo: «Botanisk- og plantefysiologisk leksikon», mn.uio.no: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/ [lesedato 28.12.18]

Først publisert: 20.11.2019
Sist oppdatert: 28.11.2019