Hopp til innhold
X
Innhald

Raudlista

Ei raudliste er ei oversikt over artar som i større eller mindre grad står i fare for å bli utrydda. Det finst både globale og nasjonale raudlister.

Raudlister har som føremål å synleggjere kva for artar som står i fare for å bli utrydda. Faglege organisasjonar og institusjonar ser på enkeltartar og vurderer sjansen for at denne arten blir utrydda dersom forholda i verda ikkje endrar seg til det betre for arten. Raudlista er ein viktig ressurs i arbeidet med forvaltning og vern av artsmangfaldet, og lista blir brukt av både enkeltindivid, organisasjonar og styresmakter.

Den første raudlista, Red List of Threatened Species, blei oppretta av Verdsnaturvernunionen (International Union for Conservation of Nature, IUCN) i 1964. Denne lista blir stadig oppdatert. På lista finst det artar frå heile verda, og ho femner om både plantar, dyr og sopp. IUCN opererer med ni kategoriar: EX (utrydda), EW (utrydda i det fri), CR (kritisk truga), EN (sterkt truga), VU (sårbar), NT (nær truga), LC (livskraftig), DD (utilstrekkeleg med data) og NE (ikkje vurdert).

Ifølgje den globale raudlista er 26 500 artar truga av utrydding. Dette er 27 prosent av alle vurderte artar i 2018.

Den første norske raudlista kom i 1984. Den nyaste kom i 2015 og er laga av Artsdatabanken, i samarbeid med faglege ekspertar. Her er 20 915 artar vurderte, og 4438 er komne på lista. Av desse er 2355 artar kategoriserte som truga. Den norske raudlista er modellert etter IUCN si raudliste, men med litt andre kategoriar: RE (regionalt utrydda), EW (utrydda i det fri), CR (kritisk truga), EN (sterkt truga), VU (sårbar), NT (nær truga), LC (livskraftig) og DD (utilstrekkeleg med data).

Dei norske raudlistekategoriane. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne. Kjelde: Artsdatabanken. Lisens: CC BY.

Dei norske raudlistekategoriane. Trykk her for større versjon. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne. Kjelde: Artsdatabanken. Lisens: CC BY. 

Globale og nasjonale raudlister har ikkje alltid med dei same artane. IUCN har til dømes klassifisert gaupa som livskraftig (LC), medan dette kattedyret er sterkt truga (EN) i Noreg.

At artar forsvinn, kan få fleire negative konsekvensar. Når ein art blir utrydda, påverkar det ofte dei andre artane i økosystemet. Eit økosystem er avhengig av balanse mellom artane for å fungere som det skal. Dersom ein viktig matplante forsvinn, kan også dei dyra som lever av denne planten, døy ut. Dersom eit rovdyr forsvinn, kan det føre til at det blir for mange planteetarar. Dei små dyra er òg viktige. Utan humler, bier og andre pollinerande insekt kan vi ikkje dyrke frukt og bær. Hadde det ikkje vore for nedbrytarsoppar og ‑insekt, ville ikkje lauv og kvistar ha blitt til jord. Alle artar har sine oppgåver i økosystemet!

Nokre av artane i verda har heilt spesielle eigenskapar, som vi menneske kan bruke for å utvikle medisinar og ny teknologi. Vi kan forske på mikroorganismar og lære av korleis større dyr oppfører seg, og plantar kan lage kjemiske stoff som vi kan gjere oss nytte av. Difor er det viktig å ta vare på det biologiske mangfaldet og å hindre at artar blir utrydda.

Kjelder

Dag Bjerketvedt og Arne Pedersen: Grunnleggende biologi og miljølære. Oslo 2007

Artsdatabanken: «Rødliste for arter», artsdatabanken.no, publisert i 2015: https://www.artsdatabanken.no/Rodliste [lesedato 27.12.18]

IUCN: «The IUCN Red List of Threatened Species», iucnredlist.org: https://www.iucnredlist.org [lesedato 27.12.18]

Peikarar

Den norska raudlista, artsdatabanken.no 

Den internasjonal raudlista, iucnredlist.org 

Først publisert: 27.05.2019
Sist oppdatert: 05.09.2019