Hopp til innhold
X
Innhald

Fotosyntesen

Fotosyntesen er ein kjemisk prosess der karbondioksid og vatn blir omdanna til sukker og oksygen. Utan fotosyntetiserande plantar og algar ville dei fleste organismane på jorda døy ut.

Fotosyntesen dannar grunnlaget for storparten av økosystema på jorda. Fotosyntesen er ein kjemisk prosess som får plantar til å vekse, og det blir produsert livsviktig oksygen for dyr og menneske. Fotosyntesen bruker karbondioksid saman med vatn og energi frå sola til å danne sukker og oksygen. På den måten fjernar plantane karbondioksid frå lufta og gir oss oksygen. 

Når produsentar (til dømes plantar og algar) lagar sukker under fotosyntesen, bruker dei mykje av dette sukkeret sjølve. Overskotet av sukker blir lagra i planten eller algen. Då kan forbrukarane i økosystemet (dyra) få tak i sukkeret ved å ete planten/algen.

Fotosyntesen går føre seg inne i cellene til dei fotosyntetiserande organismane. I desse cellene finst der ein lekam som vi kallar kloroplast eller grønkorn. Inne i kloroplasten ligg eit pigment som heiter klorofyll. Når sollys treffer klorofyllet, blir karbondioksid frå lufta og vatn frå bakken (og lufta) omdanna til sukker (glukose) og oksygengass.

Fotosyntesen kan forklarast med ei ordlikning og ei reaksjonslikning:

karbondioksid + vatn + sollys → glukose + oksygen

6CO2 + 6H2O → C6H12O6 + 6O2

Oksygenet som blir danna i fotosyntesen, blir sleppt ut i lufta gjennom porar i celleveggen, medan sukkeret blir brukt til celleanding i planten. Det som ikkje blir brukt opp med det same, blir brukt til planten sin vekst eller lagra i rota som stivelse.


Kjelder

Dag Bjerketvedt og Arne Pedersen: Grunnleggende biologi og miljølære. Oslo 2007

Marianne Sletbakk, Inger Gjærevoll, Per Audun Heskestad, Dag O. Hessen, Arnodd Håpnes og Øystein Røsok: Bios 1. Biologi 1, 3. utg. Oslo 2012

 

Peikarar

Kristin Bøhle og Åge Guddingsmo: «Fotosyntese», ndla.no

NRK: «Fotosyntese», nrk.no

Først publisert: 19.05.2020
Sist oppdatert: 10.06.2020