Hopp til innhold
X
Innhald

Klorofyll

Klorofyll er eit pigment som er nødvendig for fotosyntesen, og det finst i alle plantar, i algar og i nokre bakteriar.

I fotosyntesen er det klorofyllet som tek imot energien frå lyset. Klorofyll absorberer raudt og blått lys og reflekterer det grøne lyset. Namnet klorofyll kjem av dei greske orda chloros, som tyder «grøn», og phyllon som tyder «blad».

Klorofyll er det grunnleggjande fotosyntesepigmentet i plantar, algar og blågrønalgar. Det finst fire ulike utgåver av dette klorofyllet: klorofyll a, b, c og d. Bakterieklorofyll er ein annan type klorfyll – det finst i anaerobe bakteriar som driv fotosyntese. Klorofyll a er det grunnleggjande pigmentet i fotosyntesen i plantar og algar.

Molekylet til klorofyll a, i motsetnad til klorofyll b, har ei metylgruppe (-C ) på ring nummer to. Klorofyll c finst mellom anna i kisealgar, dinoflagellatar (eincella flagellatar) og brunalgar. Klorofyll d finst i raudalgar. I fotosyntetiske bakteriar, til dømes grøne bakteriar og purpurbakteriar, finst det bakterieklorofyll. Molekylstrukturen til klorofyll er ein ringstruktur med eit magnesiumatom (Mg) i midten.

I dei grøne blada blir det produsert glukose (sukker). Du har sikkert sett at dei grøne blada endrar farge til gult og raudt om hausten? Det skjer fordi temperaturen blir lågare, og at dagane blir kortare, med mindre lys. Den gule fargen kjem av at klorofyllet blir brote ned og frakta ut via transportnettet i blada. Trea sluttar å vekse og har ikkje lenger behov for glukosen.

Fotosyntesen held fram så lenge sola skin, og det hopar seg opp mengder med ekstra energi i blada. Energien bruker blada til å spalte vatn og lage oksygen. For mykje oksygen er skadeleg for blada, og fordi blada beskyttar seg mot å bli overbelasta av energi, blir klorofyllet gradvis nedbrote om hausten.

Kjelder

Heidi Kristine Grønlien, Leif Ryvarden, Cato Tandberg og John Arne Eidsmo: Bi2 grunnbok, molekylstrukturen til klorofyll, gyldendal.no: http://web2.gyldendal.no/undervisning/felles/pixdir20/?archive=bi2_grunnbok&menuitem=menu_5_1&resultsource=menu_5_1&detailsource=image_172 [lesedato 23.5.2020]

NIBIO / Lars Sandved Dalen: «Hvorfor blir bladene gule og røde om høsten?», forskning.no, publisert 4.11.2017: https://forskning.no/bakgrunn-planteverden-nibio/bakgrunn-hvorfor-blir-bladene-gule-og-rode-om-hosten/312057 [lesedato 23.5.2020]

Skoleskogen: «Klorofyll», skogveven.no: http://www.skogveven.no/lex.cfm?id=271 [lesedato 23.5.2020]

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Klorofyll», mn.uio.no, sist oppdatert 30.3.2019: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/k/klorofyll.html [lesedato 23.5.2020]

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Klorofyll-lysabsorbsjon», mn.uio.no, sist oppdatert 6.10.2017: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/k/klorofyllly.html [lesedato 23.5.2020]

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Thylakoid», mn.uio.no, sist oppdatert 3.7.2013: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/t/thylakoid.html [lesedato 23.5.2020]

 

Peikarar

NRK Skole: «Hvorfor er bladene grønne?», nrk.no/skole

NRK Skole: «Fotosyntese», nrk.no/skole

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Fotosyntetiske bakterier», mn.uio.no

Først publisert: 22.09.2020
Sist oppdatert: 22.09.2020