Hopp til innhold
X
Innhald

Bernt Lynge

Bernt (Arne) Lynge, 1884–1942, var botanikar og professor i systematisk botanikk ved Universitetet i Oslo frå 1935. Lynge var ein av dei leiande lavforskarane i verda, og han la grunnlaget for lavstudiet i Noreg. I seinare år var han særleg oppteken av «bipolare planter», dvs. årsaker til utbreiinga av planter som er felles for – men berre finst i – Arktis og Antarktis.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013