Hopp til innhold
X
Innhald

Ove Arbo Høeg

Ove (Fredrik) Arbo Høeg, 1898–1993, var botanikar og professor i botanikk på Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo i åra 1947–67. Han var styrar for Botanisk hage og museum i 1958–65.
Høeg var verdskjend som ekspert på fossile plantar. Dessutan samla han inn eit stort materiale av folkelege plantenamn og tidlegare bruk av ville planter frå heile landet. Mykje av dette vart gitt ut i Planter og tradisjon (1974). Høeg gjorde også ein internasjonal innsats på naturvernområdet.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013