Hopp til innhold
 Akasie. Foto: Paul Appleton, flickr.com
Akasie. Foto: Paul Appleton, flickr.com
X
Innhald

Akasie

Akasie (latin Acacia), slekt i mimosafamilien. Artane er tre eller buskar med paraplyforma kroner. Slekta har mellom 700 og 800 artar, dei fleste i Australia og Afrika, men det blir også dyrka akasiar i middelhavslanda. Veden er sterk og blir mellom anna brukt til møbel. Frå stammen på dei afrikanske artane får ein gummien arabicum. Enkelte artar har velluktande blomstrar som parfymeindustrien nyttar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.11.2012
Sist oppdatert: 19.11.2012