Hopp til innhold
Foto: Denali National Park and Reserve, Flickr.com CC-BY
Foto: Denali National Park and Reserve, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Åkerbær

Åkerbær (latin Rubus arcticus), spinkel plante i rosefamilien med trekopla blad og roseraude blomstrar. Den mørkeraude, molteliknande frukta har ein sterk, søt aroma. I Finland dannar ho grunnlaget for ein velsmakande åkerbærlikør, mesimarja. Arten veks på tørr botn i open barskog frå Austlandet og nordover. Han er vanlegare jo lenger nord ein kjem, men fruktsetjinga er uregelmessig i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.03.2013
Sist oppdatert: 20.03.2013