Hopp til innhold
Foto: Kristian Peters, Flickr.com CC-BY
Foto: Kristian Peters, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Ålegras

Ålegras (latin Zostera marina), inntil 50 cm høg, fleirårig blomsterplante i ålegrasfamilien med flate stenglar og smale, jambreie blad. Han er ingen grasart, men dannar tette, undersjøiske enger frå fjøra og ned til 10 m djup i sund og bukter med roleg sjø. Ålegras veks spreidd langs kysten nord til Troms. Tidlegare vart arten brukt til møbelstopp og madrassfyll fordi loppene heldt seg vekke frå ålegras.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.03.2013
Sist oppdatert: 20.03.2013