Hopp til innhold
X
Innhald

Almesjuka

Almesjuka, plantesjukdom som kjem av soppen Ceratocystis ulmi, som blir spreidd frå tre til tre av borkbilla almesplintborar, Scolytus laevis. Soppen tettar etter kvart til leidningskara i treet slik at det tørkar ut og døyr. Soppen kom opphavleg frå Amerika og trugar no almebestanden i heile Europa. Han har allereie drepe hundrevis av almetre i Oslo og omkring Oslofjorden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013