Hopp til innhold
X
Innhald

Aloe

Aloe, slekt i liljefamilien som omfattar urter og tre, særleg i regnfattige strok i Sør-Afrika. Fleire artar, til dømes A. arborescens, som blir opptil 3 m høg, er dyrka som prydvekstar. Ordet aloe er også brukt om den tørka safta frå fleire aloeartar. Denne stimulerer fordøyinga og kan gi kraftig diaré. Ho er elles brukt som abortmiddel og som sårmiddel, særleg på brannsår.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013