Hopp til innhold
X
Innhald

Alperose

Alperose (latin Rhododendron), slekt i lyngfamilien med over 900 artar. Mange av dei er viktige prydplanter. I Noreg har vi lapprose, R. lapponicum, ein dvergbusk som blomstrar nesten med ein gong snøen er vekke, og som berre blir 5 cm høg. Lapprose veks vilt på kalkgrunn i Jotunheimen og frå Saltdal til Porsanger.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013