Blåhegg
Amelanchier spicata

Amelanchier spicata, blåhegg. Foto frå: Oudrup Hede NV f. Års

Blåhegg er ein busk i blåheggslekta i rosefamilien. Planten blir inntil 4 meter høg og har kvite blomsterklasar. I norsk natur er blåhegg ein framand art, og han er sett på framandartslista i kategorien svært høg økologisk risiko.

Faktaboks

Også kjend som
Junisøtmispel
Vitskapeleg namn
Amelanchier spicata
Beskriven av
(Lam.) K.Koch
Framandartstatus i Noreg
SE – Svært høy risiko

Skildring

Blåhegg er ein busk med kvite toppstilte blomeklasar. Blomane har mange pollenberarar og fem fruktblad som veks inn i ei hjelpefrukt, eit blåsvart bæreple som kan minne om heggebær. Fruktene blir spreidde med fugl, til dels over lange distansar.

Utbreiing

Busken kjem opphavleg frå Nord-Amerika, og er innført som prydbusk i Noreg, truleg på slutten av 1800-talet. Frå rundt 1900-talet har blåhegg spreidd seg frå hagar og grøntanlegg til naturen, og finst no naturalisert i store delar av Noreg, nord til Nord-Trøndelag og kanskje Lofoten.

Bruk

Blåhegg har vorte brukt som prydbusk i grøntanlegg og hagar.

Økologiske konsekvensar

Planten er på den norske svartelista under kategorien svært høg økologisk risiko. Han kan danne eit busksjikt som er framandt for den opphavlege naturtypen, og dimed endre naturlege naturtypar. Den kan også påverke balansen mellom stadeigne plantar med saftige frukter og fuglane som spreier desse.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

blåhegg
Amelanchier spicata
Tidlegare vitskapleg namn
Amelanchier canadensis auct.
Artsdatabanken-ID
103254
GBIF-ID
3023852

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg