Hopp til innhold
 Lemnaceae. Foto: Reinaldo Aguilar, flickr.com.
Lemnaceae. Foto: Reinaldo Aguilar, flickr.com.
X
Innhald

Andmatfamilien

Andmatfamilien (latin Lemnaceae), plantefamilie med små, enkelt bygde, frittflytande vassplanter. Dei omfattar små (2–4 mm) bladskiver med røter, men utan stenglar. Artane blomstrar sjeldan og har sterkt reduserte blomstrar. I dammar og pyttar har vi i Noreg andmat, klumpandmat og korsandmat. Stor andmat, Spirodela polyrrhiza, høyrer til ei anna slekt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.11.2012
Sist oppdatert: 19.11.2012