Hopp til innhold
 Adansonia digitata, foto: Udo Schmidt, flickr.com
Adansonia digitata, foto: Udo Schmidt, flickr.com
X
Innhald

Apebrødtre

Apebrødtre (latin Adansonia digitata) eller baobabtre, tre som er karakteristisk for savannane i Afrika. Arten har praktfulle kvite blomstrar og ein veldig stamme av svampaktig vev som kan bli 15 m i diameter og opptil 25 m høg. Frukta er etande og liknar på agurkar eller brød. Veden er svært lett og blir brukt til å lage båtar. Borkfibrane nyttar ein til tauverk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.11.2012
Sist oppdatert: 21.11.2012