Hopp til innhold
 Vinca minor, foto: AnneTanne, flickr.com
Vinca minor, foto: AnneTanne, flickr.com
X
Innhald

Apocyanaceae

Apocyanaceae, plantefamilie med om lag 2000 artar i tropiske og subtropiske strok. Artane har mjølkesaft som i ulik grad er giftig. Safta hos Acocanthera er brukt som pilgift. Til Apocyanaceae høyrer dyrka planter som gravmyrt, Vinca minor, med krypande skot og blanke, overvintrande blad, samt blå blomstrar. Fleire artar blir dyrka som stoveplanter, til dømes oleander, Nerium oleander, og klatreplantene Allamanda og Dipladenia.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.11.2012
Sist oppdatert: 21.11.2012