Hopp til innhold
 Rogn. Foto: Esa L, flickr.com
Rogn. Foto: Esa L, flickr.com
X
Innhald

Asal

Asal, tre av rogneslekta, Sorbus, i eplefamilien. Dei har kvite blomstrar i halvskjerm og frukter som er større enn rognebær og ikkje fullt så sure. I Noreg finst det ni artar, og dei mest kjende er rogn, asal og sølvasal. Sistnemnde har heile blad som er sølvkvite på undersida. Svensk asal er mykje brukt som parktre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.11.2012
Sist oppdatert: 21.11.2012