Hopp til innhold
X
Innhald

Ask

Ask (latin Fraxinus), slekt i oljefamilien med tre som har ein høg, rak og gråaktig stamme, og avrunda krone. Dei om lag 65 artane har finna blad og vengja frukt. I Noreg finst vanleg ask, F. excelsior, som blir opptil 25 m høg, og som blomstrar på berr kvist med svartfiolette blomstrar. Ein kjenner arten lett om vinteren på dei svarte, motsette knoppane, og han går nord til Trøndelag.
Avvikande former og andre artar, til dømes mannaask, F. ornus, er brukte som parktre. Veden er sterk og hard med markerte teikningar, og han er brukt i møbelindustrien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013