Hopp til innhold

 Asparges, foto: José Mariá Escolano, flickr.com
Asparges, foto: José Mariá Escolano, flickr.com
X
Innhald

Asparagus

Asparagus, slekt i liljefamilien med om lag 300 artar, som er vanlegast i tørre strok. Asparges, A. officinalis, er ei fleirårig urt med kjøtfulle skot som blir rekna som ei stor delikatesse. Dei blir skorne eller «stukne» under jorda før dei er vorte grøne. Planta krev ein solrik, varm veksestad og svært djupt pløgd, næringsrik jord.
Asparges er eigentleg ei strandplante, og ho finst vill på strandkantar i Oslofjorden. Slørasparges, som ligg nær i slekt, er mykje brukt som snittgrønt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.11.2012
Sist oppdatert: 22.11.2012