Hopp til innhold
 Aubergine. Foto: Mary.Do, flickr.com
Aubergine. Foto: Mary.Do, flickr.com
X
Innhald

Aubergine

Aubergine, frukta på eggplanta, Solanum melongena, i søtvierfamilien. Planta stammar opphavleg frå India. Fruktene kan vere agurk- eller eggforma, og fargen er mørkfiolett til gul eller kvit. Aubergine blir dyrka i alle tropiske og subtropiske strok, og er nytta som grønsak, steikt eller kokt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.11.2012
Sist oppdatert: 22.11.2012