Hopp til innhold
X
Innhald

Augnetrøyst

Augnetrøyst (latin Euphrasia), små, eittårige planter i leppeblomsterfamilien. Dei er halvsnyltarar, dvs. at dei dels sjølv utfører fotosyntese og produserer organisk stoff, dels tek ferdig næring frå røtene på andre planter. Slekta er vanleg, og ho har mange nærståande artar. Augnetrøyst-artane veks frå havnivå til høgfjellet. Tidlegare var dei mykje brukte som augemedisin, og her ligg opphavet til namnet augnetrøyst.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.03.2013
Sist oppdatert: 15.03.2013