Hopp til innhold

 Banantre. Foto: Hans Jürgen Becker, flickr.com
Banantre. Foto: Hans Jürgen Becker, flickr.com
X
Innhald

Bananplanter

Bananplanter, slekt i familien Musaceae med om lag 150 tropiske artar. Bananpalmen, som opphavleg kjem frå India, er ei palmeliknande urteplante som blir opptil 10 m høg. Palmen er eigentleg ein sidestengel som har vakse ut frå ein jordstengel (rhizom). Bananklasane kan innehalde 200 bananar.
Mjølbananen er spesielt rik på stive. Han blir steikt, kokt eller tørka og er eit viktig næringsmiddel i tropane. Sukkerbananen, som ein et rå, blir frakta i skip med spesialbygde lasterom der frukta mognar. Alle artane har sterke bastfibrar. Tekstilbananen frå Filippinane har uetande frukter, men blada gir råmateriale til manilahamp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.11.2012
Sist oppdatert: 22.11.2012