Hopp til innhold
X
Innhald

Berberis

Berberis, slekt i berberisfamilien med om lag 450 artar der berre éin, berberis, B. vulgaris, veks vilt i Noreg. Han er ein busk med langskot frå grunnen med blad som er omdanna til tornar og med kortskot som har skarptanna blad. Blomstrane er gule, og dei sit i hengjande klasar. Bæra er raude.
Berberis kan ikkje innførast til Noreg frå andre land på grunn av fare for smitte av svartrust, ein farleg kornsjukdom som nyttar vanleg berberis som mellomvert. Arten er utbreidd nord til Skogn, men er også planta lenger nord. Hageartar som haustberberis, B. thunbergii, frå Japan er ikkje skadelege og blir planta overalt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013