Hopp til innhold
Foto: Randi Hausken, Flickr.com CC-BY
Foto: Randi Hausken, Flickr.com CC-BY
X
Innhald

Bergfrue

Bergfrue (latin Saxifraga cotyledon), 25 cm høg plante i sildrefamilien. Ho har fleirårig rosett med taklagde blad og store, greinete blomsterstandar med kvite, velluktande blomstrar. Planta døyr etter blomstring. Bergfrue er hovudsakleg ei fjellplante som veks på utilgjengelege berghyller og bergsprekker, nord til Porsanger. Arten har mange dialektnamn, som bergabrur, fjelldronning, fjellrose og fleire andre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013