Hopp til innhold

 Vanleg bjørk. Foto: Arild Nynø, flickr.com
Vanleg bjørk. Foto: Arild Nynø, flickr.com
X
Innhald

Bjørk

Bjørk (latin Betula), slekt i bjørkefamilien med om lag 80 tre og buskar. Blomstrane sit i raklar, og plantane er sambu (hann- og horaklar på same treet). Stammen har ofte kvit bork (never). Trea har nøttefrukter med vengekant, og dei blir spreidde med vinden.
I Noreg finst det tre artar. Hengebjørk, B. verrucosa, er eit 15 m høgt tre med ujamt sagtanna, glatte blad som veks i låglandet, og mest i Sør-Noreg. Vanleg bjørk, B. pubescens, er eit 10 m høgt tre med sagtanna blad som er lodne på undersida (ofte også på oversida). Arten veks i heile landet og dannar bjørkeskogen i fjellet opp til 1200 moh. Dvergbjørk, B. nana, er ein 50 cm høg busk med runde, centimeterbreie blad som er vanleg på myr og hei i fjellet og går til 1800 moh. Arten er meir sjeldan i låglandet. Vanleg bjørk og dvergbjørk dannar ofte hybridar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.11.2012
Sist oppdatert: 30.05.2014