Hopp til innhold

 Blåkoll, foto: Dianne Frost, flickr.com
Blåkoll, foto: Dianne Frost, flickr.com
X
Innhald

Blåkoll

Blåkoll (latin Prunella vulgaris), 10 cm høg urt i leppeblomsterfamilien med blåfiolette blomstrar i ein hovudforma blomsterstand. Arten er vanleg på mosegrodd eng, grasbakkar og langs vegar, og han går så høgt som til 1220 moh. i Jotunheimen. Blåkoll vart brukt i folkemedisinen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2012
Sist oppdatert: 27.11.2012