Hopp til innhold

 Blåveis. Foto: Erik Aspden Schyberg, flickr.com
Blåveis. Foto: Erik Aspden Schyberg, flickr.com
X
Innhald

Blåveis

Blåveis (latin Hepatica nobilis; tidlegare rekna til slekta Anemone), fleirårig art i soleiefamilien som er svakt giftig. Blåveis blir nokre gonger feilaktig kalla blåsymre. Planta har lêraktige, vintergrøne blad som visnar om våren, samtidig som nye blad veks fram. Blomstrane er blå, og nokre gonger kvite. Frøa blir spreidde av maur.
Blåveis veks i lauv- og barskog på næringsrik, kalkhaldig mark. Arten er vanleg på Austlandet og i Trøndelag, og han finst nord til Salten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2012
Sist oppdatert: 27.11.2012