Hopp til innhold
X
Innhald

Blomster

Blomster eller blome, omdanna skot som inneheld formeiringsorgana til plantene. Blomsterdekket er dei ytre, bladliknande delane, og det omfattar vanlegvis store, ofte farga kronblad og ein ytre krans av mindre, grøne begerblad. Den hannlege delen, pollenberarane, produserer pollen i pollenknappen. Den holege delen, fruktblada, dannar ein fruktknute med indre frøemne.
Dei nakenfrøa plantene dannar ikkje frukter, og frøa blir danna utanpå fruktblada etter direkte kontakt mellom pollenkornet og frøemnet. Hos dekkfrøa planter spirer pollenkornet på arret øvst på fruktknuten og derifrå ned til dei indre frøemna.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013