Hopp til innhold
X
Innhald

Blomsterbjørk

Blomsterbjørk (latin Malvastrum capense), sørafrikansk buskaktig plante med bjørkeliknande blad. Planta har rosafarga blomstrar og er riktblomstrande. Blomsterbjørka blir 3 m høg og kan stå ute i sommarhalvåret, men blir gjerne dyrka som stoveplante. Ho blir ofte feilaktig kalla flittiglise, som er namnet på Impatiens walleriana.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2012
Sist oppdatert: 27.11.2012