Hopp til innhold
X
Innhald

Bøk

Bøk (latin Fagus), treslekt i bøkefamilien som omfattar om lag 10 artar. Dei har elliptiske blad i to rader på greinene. Hannblomstrane sit i raklar og hoblomstrane to og to saman. I Noreg finst det berre éin art, vanleg bøk, F. sylvatica, som blir opptil 25 m høg og veks vilt i Vestfold og sørover til Grimstad. Størst i samanhengande utstrekking er den kjende bøkeskogen ved Larvik.
Arten er elles planta som prydtre i parkar og hagar (blodbøk, hengjebøk eller flikbøk). Veden er mellom anna brukt til møbelproduksjon. Det norske namnet kjem frå det tyske Buch, det same ordet som for bok, fordi bøketre vart brukte i dei første typane ein brukte til boktrykking.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013