Hopp til innhold
 Bokkveite. Foto: dnnya17, flickr.com
Bokkveite. Foto: dnnya17, flickr.com
X
Innhald

Bokkveite

Bokkveite (latin Fagopyrum), slekt i syrefamilien. I Noreg finst det to 40 cm høge, eittårige ugrasartar frå slekta: vanleg bokkveite, F. esculentum, og vill bokkveite, F. tataricum. Dei har trekanta nøtter, som bøkenøtter (bok = bøk). Arten kjem opphavleg frå Sentral-Asia, og vart dyrka som matkorn frå oldtida. Han veks i Sør-Noreg med spreidde funn i nord.
 
Bokkveite i fôret kan gi utslett hos husdyr. Utslettet (blærer og skorper i huda) bryt ut når dyra, etter å ha fått i seg planta, blir utsette for sollys.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2012
Sist oppdatert: 27.11.2012