Hopp til innhold

 Bønner. Foto: Andreas Kriz, flickr.com
Bønner. Foto: Andreas Kriz, flickr.com
X
Innhald

Bønner

Bønner (latin Phaseolus), slekt i erteblomsterfamilien med om lag 150 artar, dei fleste slyngplanter i tropiske og subtropiske strøk. Artane har trekopla, langstilka blad og små akselblad. Blomstrane er kvite eller raude og sit i klasar i bladhjørna. Fleire artar blir dyrka.
Under hagebønne, P. vulgaris, finst det mange kulturformer som voksbønne, snittebønne, aspargesbønne og brekkbønne, alle kravstore når det gjeld veksestad, og i Noreg kan ein berre dyrke dei i varmare strok. Prydbønne eller pralbønne, P. coccineus, er ei klatreplante med raude blomstrar. Belgene er utmerkte som snittebønner, men de mogne frøa kan vere giftige. Mungobønne eller zanzibarbønne er viktig som matplante i tropane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012