Hopp til innhold

 Bondebønner, foto:  beautifulcataya, flickr.com
Bondebønner, foto: beautifulcataya, flickr.com
X
Innhald

Bønnevikke

Bønnevikke (latin Vicia faba), bondebønne eller hestebønne, eittårig, meterhøg plante i erteblomsterfamilien. Ho har kvite blomstrar og tjukke belger med svampete vegger, som inneheld 2–8 store, flate frø. Bønnevikke stammar frå Sentral-Asia og er ei av dei aller eldste kulturplantene. Arten blir framleis dyrka både til fôr og mat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012