Hopp til innhold
 Botnegras, foto: Randi Hausten, flickr.com
Botnegras, foto: Randi Hausten, flickr.com
X
Innhald

Botnegras

Botnegras (latin Lobelia dortmanna), 30 cm høg vassplante i klokkefamilien. Blada sit i rosett på botnen, og berre blomsterstanden stikk opp over vatnet. Planta har kvite til blålege blomstrar i glisne klasar. Botnegras veks på sandbotn i elvar, bekker og næringsfattige innsjøar på Austlandet og i kyststroka nord til Nordland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.11.2012
Sist oppdatert: 27.11.2012