Hopp til innhold
X
Innhald

Brennesle

Brennesle (latin Urtica), slekt i brenneslefamilien som er dekt av brennhår som gir frå seg ei acetylkolin- og histaminhaldig væske som verkar irriterande på hud, når den glasaktige spissen knekk. I Noreg finst det to artar: stor- og smånesle. Dei veks ofte nær busette stader, og dei er indikatorplanter på nitrogen i jordbotnen. Unge skot er utmerkte til neslesuppe, og bastfibrane i stengelen vart tidlegare brukte til tekstilar. Slike tekstilar er funne mellom anna i Osebergskipet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013