Hopp til innhold

 Brødfrukttre. Foto: Arthur Chapman, flickr.com
Brødfrukttre. Foto: Arthur Chapman, flickr.com
X
Innhald

Brødfrukttre

Brødfrukttre, planteslekta Artocarpus, som har om lag 50 artar og høyrer til morbærfamilien. Artane stammar frå Indonesia og er opptil 15 m høge tre med lêraktige blad og einkjønna blomstrar i kolbe-, klubbe- eller hovudforma blomsterstandar. Brødfrukta utgjer heile fruktstanden og veg gjerne 1–2 kg, men enkelte artar kan ha frukter på 12 kg. Fruktene inneheld eit kvitt, mjølaktig, svært næringsrikt stoff. Veden gir møbelvirke, basten blir brukt til korgfletting, og mjølkesafta gir ein type kautsjuk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012