Hopp til innhold
 Bidens tripartita. Foto: Tico, flickr.com
Bidens tripartita. Foto: Tico, flickr.com
X
Innhald

Brønsle

Brønsle (latin Bidens), slekt i korgblomsterfamilien med nær 250 artar, dei fleste i Amerika. Plantene har motsette blad og kvite, gule eller brune blomstrar. Begeret er omdanna til eit par kraftige børstar med mothakar.
 
I Noreg finst det to artar som veks vilt: flikbrønsle, B. tripartita, og nikkebrønsle, B. cernua, som veks i grøfter eller dammar og som ugras i hagar. Dei går nord til Lillehammer i innlandet, og spreidd nord til Mosjøen i kystdistrikta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012