Hopp til innhold
 Brurespore, foto: Tico, flickr.com
Brurespore, foto: Tico, flickr.com
X
Innhald

Brurespore

Brurespore (latin Gymnadenia conopsea), ein av dei mest vanlege, viltveksande orkideane i Noreg. Arten høyrer til marihandfamilien og er ei fleirårig, 50 cm høg plante med raudfiolette blomstrar i tette aks, som skil ut ei behageleg nelliklukt. Brurespore veks i eng og på grasbakke, likar kalkrik grunn og går høgt til fjells.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012