Hopp til innhold
X
Innhald

Brusknype

Brusknype (latin Rosa tomentosa), høg og kraftig roseart, oftast med sikksakkbøygde, lange greiner med slanke tornar. Planta har ei lita, bleikraud eller kvit krone og ei langstilka, langstrekt nype som er hard og bruskaktig. Brusknype veks på varme stader i låglandet frå Oslofjorden langs kysten til Boknafjorden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012