Hopp til innhold

 Bukketorn. Foto: Søren Holt, flickr.com
Bukketorn. Foto: Søren Holt, flickr.com
X
Innhald

Bukketorn

Bukketorn (latin Lycium), busk i søtvierfamilien med 3–4 m lange og tynne greiner. Planta har skruestilte, lansettforma og heilranda blad med små fiolette blomstrar i hjørna. Ho blir gjerne brukt som hekk- eller dekkplante på murar og skråningar. Vanlegast i Noreg er kinabukketorn, L. chinense, og vanleg bukketorn, L. halimifolium. Sistnemnde er funnen vill omkring Oslofjorden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2012
Sist oppdatert: 17.12.2012